DAGBOK fra 1940

Håndskrevet av far min, Toralf Bjelland, Bjørheimsbygd:

 

2. januar: Åtland kom att frå Gyland og i morgon tek skulen til att.

5. januar: Joletre i Bjørheimsbygd

6. januar: Fekk liten Høvding radio-165. frå Rønneberg, og kokeplate.

8. januar: Kvinnelig arbeidshjelp har møte på losjen kl. 1400 - 1600.

Arbeidskomite skal veljast.

22. januar: 1 kg.soda, 1 pk.Blenda, 1 kg.grønsåpa, 2 tunfiskar. 2 såpestykke,

1/2 kg. løk, 1 kg.smør, snor til røkejakken

25. januar: Betalte telefonrekning på kr. 8.45

26. januar: Lærarmøte på Strand. Lærarinnene kallar inn.

5. februar: Nyhetssending frå Amerika. WGEO kl. 22.55 bølge 31.48 m

6. februar: 1 fatost, 2 pk.Sunlight, 5 strømpepinner, barberkrem og barberblad,

Vitapanperler, kvite tøyknappar, 1 skriveblokk til Åtland.

7. februar: Rep. parafinomnen - 2,40 + 0.20 = 2,60 betales til Asbjørn Varland.

11.februar: Søndagsskule 10.30, Bedehusmøte om kvelden.

19.februar: Gjær, 1 halvfint brød, 1 par inneskor, 21 m.lyseraud poplin, 1/4 skrå, Stomatol

22.februar: Nille Gundersen - 1893

24.februar: 1 fatost, 1 brød, 1 blokk, 1 kg.gule erter, 1 hodekål, 2 b.Silkolin, 1 kg.smør, 1 kg. havregryn, 1/2 kg.kaffi.

5. mars: I kveld kl. 22.55 hadde eg New York på kortbølge i radio WGEO 31,43 m.

12. mars: Folkeskulenemd: Knut Jøssang, J. Stensen, J. Rasmussen.

Skulehagenemd: J. Ramsfjell (form.), R. Nordbø, P. Barkve

19. mars: Siste skuledag før påske. Åtland reiste kl. 1400. Snøstorm.

21. mars: Vårjamndøger

26. mars: Åtland kom att igår. Skulen tok til.

 

3. april: Elisabeth reiste på Rogaland Sjukehus. Eg var med.

4. april: Skulefri. Eg var i Stavanger.

6. april: Eg reiser med S/S "Austri" til Stavanger

7. april: Kl. 9.10 - Anna Elisabeth Bjelland vart fødd

9. april: Norge okkupert av Tyskland

10. april: Eg var i Stavanger og fekk Elisabeth og "nusset" heim.

12. april: Teljing av evakuerte. Oljetank i Stavanger bombet,

1 engelsk fly nedskote av tyskerane.

13. april: Eg var på Hetland og Bjelland med motorsykkelen.

18. april: Reiar O. Bjelland evakuerte til oss. Han kom åleine.

20. april: Frk. Holvik kom.

27. april: Skulefritt. 1 veka potetesferie

29. april: Sette poteter - 1 mål - 225 kg. - 40-50 kg. fullgjødsel C

2. mai: Anna Elisabeth vart døypt heime idag. Reiar O.Bjelland, Anders Åtland,

Åke M. Hauge, Marta Hauge og mora var fadrar. Mora bar henne.

Pastor Karl Moen døypte henne.

7 mai: R.O. Bjelland og Holvik reiste

9. mai: Natt til 10. mai marsa Tyskland inn i Holland, Belgien og Luksemburg. Full krig.

10. mai: Frk. Holvik kom att, -reiste igjen dagen etter.

14. mai: I dag byrja me skule på Holta. Bruka motorsykkelen.

Holland la ned våpna til lands.

22. mai: Skule i Bjørheimsbygd att. Saltlake på flesket.

 

10. juni: Nord Noreg kapitulert.

Konge - Kronprins og Regjering reist til England.

Italia erklærte England og Frankrike krig frå natt millom 11 og 12.

Skulesykkeltur frå Bjørheimsbygd om Årdal, Fister, Skår til Bjørheimsbygd.

12. juni: Aslaug Helgøy reiste. Har vore her sidan laurdag 8. juni.

17. juni: Frankrike bad om fred med Tyskland idag.

26. juni: Me reiste heim til Hetland.

28. juni: Eg sykla til Bjørheimsbygd for å senda ein dress til R.O.Bjelland.

29. juni: Bytta lake på flesket. Reiste til Hetland att.

 

3. juli: Eg hadde dr. Gjemdal på besøk for vond hals idag. Halsen vart god att til andre dagen.

4. juli: Stod opp kl. 6.00 og la i omnen. A.E. smilte heile dagen

7. juli: A.E. 3 mnd. idag. Ho skin som ei sol.

9. juli: I dag reiste me heim til Bjørheimsbygd gjennom Målandsdalen. Åke M.

Hauge var med.

20. juli: Eg henta blåbær og vart gjennomvåt. R.O.Bjelland og Holvik kom. Giske Åsland og Ingrid kom syklande.

21. juli: R.O. Bjelland og gjentene reiste.

23. juli: Holvik flytta med heile konsulatet og glade var me.

Eg hente 3 l. blåbær

31. juli: A.E. fekk lakksko av Betty Bjelland, Fister

5. august: Skulen skal taka til. Ordre frå skulestyre: Me byrjar streiken idag.

6. august: Mottok 2 geitostar frå Tor L. Stråbø, Suldalsosen. Dei kostar 27.75.

8. august: 60 german fly shot down

11. august: 61 g. fly down.

12. august: Sigurd Vadla fekk 2.7 kg. salt flesk. Karoline henta det.

69 fly ned idag. A.E. sa "HØYR" idag.

13. august: 78 g. fly ned idag

14. august: Marta og Maggi kom om morgonen. 31 fly ned idag.

15. august: Marta og Maggi reiste kl. 16 med bussen. Dei fekk med 4 kg. flesk til Haua. 180 fly down

16. august: 75 fly down

18. august: Ikkje flyangrep igår, men 152 fly down idag.

19. august: 36 g. syklistar framom her på veg frå Jørpeland til Årdal. Eg tala med dei frå skulehusglaset

1. sept: 25 fly down

2. sept: 55 fly down

Tyskland misser 2100 flyvere pr. mnd. Over G.B. har Tyskland ialt mist 1964 fly, derav 1120 fly sidag 8. August. 178 flyvere safe.

5. sept: 39 fly down. 20 menn drept , 9 piloter berga.

 

7. oktober: A.E. 6 md. Ho har noko utslett på ryggen og nakken - truleg kjem

det frå tennene. Ho har fått 2 nede og har trutna oppe så ho får snart der og. Ho er frisk og smiler som ei sol.

14. oktober: Ruth R. Bjørheim kom med 1 korg fine søt-epler og gav oss.

16. oktober: 9,5 mill.£ for dagen er Englands utgift.

17. oktober: Fekk 6 kg. turr fisk frå Fiskå.

23.oktober: Hausta hovudkål og nepa idag. Høyrde Roosevelt direkte frå Amerika.

28.oktober: Kommunevalg. Italia angreip Grekenland.

29. oktober: Høyrde Amerika klårt. Bestemor Lisa reiste heim via Tau.

 

5. november: Koneforening hjå oss. 6 kvinner møtte. Kjøpte 1 spann sild for 5 kroner.

7. november: Fekk 3 stk.geitostar frå Nesflaten à 4 kroner stk. P.Barkved henta 1 og betalte.

8. novemer: 5 frosegrader og kvitt med snø. Anna-Lisa får snart tenner i overmunnen.

9. november: Nytt såpestykke på kjøken. Anna-Lisa snild og smilande.

14. november: Liva Vadla fekk stempla klædekort til oss på Tau. Anna-Lisa fekk ei kvit og fin lita tonn i overmunnen.

15. november: Voldsom bombing og ljos-skjoting kring Stavanger i 21-22 tida. Amerika klårt i kveld.

 

2. desember: Ole Bjelland og Thomas Thomsen kom ikveld og var med natta.

4. desember: Fekk 1 kasse sardiner frå Stavanger.

5. desember: Anna-Lisa er solstråla sjølv.

6. desember: Kristina Moen er med og vøler om. Maggi og Johs. kom.

9. desember: Anna-Lisa er solskinn. Ho vant eit turke-handklæde på Anna-basaren. Ofstad var her til kvelds.

16.desemb: Elisabeth og Ingeborg har baka smultringar og kokuskaker m.m. Dei og A.E. skin om kapp.

18.desemb: Lærarmøte. Frk. Hiim var sjef.

22. desemb: Elisabeth kokar god dravle. Anna Elisabeth ny sparkedrakt med A.E. på.

23.desemb: Pakke frå Olaf, Maggi og Marta til A.E.

24. desemb: Ljoset var borte inatt og i dag morgo. Jamen var det mørkt, kaldt og hutre å stå opp.

25.desemb: Syster Olena kom til middag og var til annandag kl. 14.

26.desemb: Me var hjå Vadla til kaffi og kvelds.

27.desemb: Endre og Ingeborg Nerhus og Lydia Måland var her til kvelds.

28.desemb: Martin Hauge kom hertil i dag morgo. Fekk fin-fin Amerika -pakke.

30.desemb: Martin Hauge reiste heim idag.

31.desemb: I natt 8-10 grader frost men stilt. A.E. fjåg og frisk. Fekk Amerika-godt. Ho har nå 4 tenner oppe og 2 nede. Snål gjenta. Anna Elisabeth sende 11 nyårskort.